Kva seier pakkeforløpa om klinisk tilbakemelding – og korleis passar Norse Feedback?

Frå første januar 2019 innførast det pakkeforløp for psykisk helse og rus. Helsedirektoratet seier at det skal brukast kliniske tilbakemeldingssystem i desse pakkeforløpa – og det skal også rapporterast om pasientane har fått ei slik moglegheit. Ved å ta denne oppmodinga på alvor kan pakkeforløpa føre til betre behandling og sterkare samarbeid mellom pasientar og klinikarar.

I pakkeforløpa for psykisk helse og rus vert det understreka at det «bør benyttes et system hvor pasienten og/eller foreldre på en systematisk måte kan gi tilbakemelding til behandleren om hvordan han/hun opplever behandlingseffekt og relasjon til behandler». Her er det altså to funksjonar som skal støttast: ei tilbakemelding om kva effekt ein opplever ved behandlinga, og også korleis ein opplever seg møtt, forstått og respektert i relasjonen til behandlar. Kva ønskjer Helsedirektoratet å oppnå med dette?

På den eine sida er dette eit uttrykk for at brukarmedverknad i behandling skal vere meir enn ein festtale. Reell brukarmedverknad omfattar verkelege sjansar til å vurdere nytta av den behandlinga som skjer, og ha moglegheit til å gjere andre vegval saman med behandlar dersom det ikkje nyttar. På den andre sida finnast ein forskingsbasert grunn. For dei pasientane som er sårbare for forverring i behandling, eller som risikerer å droppe ut, så er det å kunne gi tilbakemelding ein beskyttande faktor – noko som fører til betre resultat for mange menneske.

Det er viktig for å oppnå begge desse fordelane at ein vel eit system som både viser kva effekt pasientar opplever på dei vanskeområda som er relevant for den enkelte, og samtidig gir ei direkte tilbakemelding om samarbeidsrelasjonen her og nå. Norse Feedback er utvikla for å hjelpe med desse to kliniske behova.