Den vanskelege samtalen

Noko har endra seg i relasjonen til pasienten og eg har vanskar med å forstå kva det er. Å bruke kliniske tilbakemeldingar kan gjere det enklare å ta initiativ til den vanskelege samtalen slik at den terapeutiske prosessen kan gå vidare.

Det kliniske møtet har mange nyansar av kjensler og kontaktnivå parallelt med den terapeutiske prosessen. Ved nokre høve erfarer behandlar at relasjonen til pasienten endrar seg, og det blir “knute på tråden”. Dette må møtast på ein ivaretakande og profesjonell måte. Å snakke om den vanskelege relasjonen er ein naturleg del av arbeidskvardagen, men treng ikkje likefram vere enkelt. Høvesvis er det utfordrande å tydeleggjere både for ein sjølv og for pasienten kva som er utfordrande i den aktuelle situasjonen, andre gonger er det vanskeleg å finne det “riktige” augeblikket til å fremje dette temaet for å kunne reparere den terapeutiske relasjonen.

I utfordrande terapiprosessar kan det å nytte kliniske tilbakemeldingar vere særleg nyttig. Det å etablere eit klima for bruk av strukturerte tilbakemeldingssystem allereie frå behandlingsstart kan vere ekstra støttande i slike prosessar. Å ta fram Norse-rapporten til felles drøfting mellom behandlar og pasient, kan vere eit nyttig hjelpemiddel for å fremje ein god og ikkje-konfronterande dialog om dei vanskelege emna. Norse-rapporten kan hjelpe behandlar og pasient til enklare å setje fingeren på dei aktuelle vanskeområda, og såleis medverke til ein dialog der pasient og behandlar enklare kan konseptualisere det vidare behandlings- og eventuelt reparasjonsarbeidet i terapien. Når ein ser på alliansemåla og behandlingsbehova som pasienten gjev uttrykk for, er dette viktige kjelder til meiningsfulle samtalar. Å bruke dei uttrykte behandlingsbehova for å utforske ein vanskeleg allianse, kan kjennast meir ivaretakande ut, samanlikna med å spørje direkte inn til alliansemåla. Ved å bruke denne innfallsvinkelen får ein snakka indirekte om alliansen på ein måte som kan opplevast meir heilskapleg og meiningsfullt ut for pasienten.

Å få italesatt dei vanskelege prosessane kan vere befriande for pasient og behandlar, og potensielt naudsynt for den terapeutiske prosessen. Å nytte Norse Feedback i denne samanhengen kan vere hjelpsamt for alle involverte partar.