Kva personopplysningar samlar vi inn, og kvifor vi gjer det

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina di når du vitjar ei nettside. 

Føremålet er både å gjere brukaropplevinga betre for deg ved at nettstaden hugsar innstillingane dine, kva sider du har vitja, innlogging og eventuelle brukarnamn og andre opplysningar som du har lagt inn og vil at nettsida skal hugse slik at du slepp å skrive inn dette for kvar gong.

Norse Feedback nyttar ikkje informasjonskapslar til å sjå kva nettsider du vitjar etter at du har vore på nettsidene våre. Vi lagrar heller ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.

Når du besøker nettstaden vår så samlar vi inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktyet Google Analytics. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi nyttar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden med.

Døme på kva statistikken gjev svar på er kor mange som vitjar ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesar som vert nytta.

Opplysningane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert meinar vi at vi ikkje kan spore tilbake til den enkelte brukar dei opplysningane vi samlar inn. Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa vert avidentifisert slik at berre dei tre fyrste gruppene i adressa vert nytta til å generere statistikk. Det vil seie at dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, vert berre 195.159.103.xx nytta. I tillegg vert IP-adressene behandla på aggregert nivå, det vil seie at all data vert slått saman til èi gruppe og ikkje behandla individuelt.

Døme på informasjonskapslar som vert nytta for Google Analytics er:

_ga: Vert sletta automatisk etter 2 år. Vert brukt for å skilje brukarar frå einannan.

_gid: Vert sletta automatisk etter 24 timar. Vert brukt for å skilje brukarar frå einannan.

_gat: Vert sletta automatisk etter 1 minutt. Vert brukt for å fordele trafikk/spørjingar. Når Google Analytics vert distribuert via Google Tag Manager, vert denne informasjonen kalla _dc_gtm_

Rettleiingar:

Innebygd innhald frå andre nettstadar

Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (t.d. videoar, bilete, artiklar, deling i sosiale medier osv.) frå andre nettstadar. Slikt innebygd innhald frå andre nettstadar fungerer akkurat som om du hadde vore på dei nettstadane.

Desse nettstadane kan samle data om deg, bruke informasjonskapslar, innehalde tredjepartssporing og overvake korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Det kan også vere å spore korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.

E-post og telefon

Norse Feedback nyttar e-post, CRM system og telefon som ein del av det daglege arbeidet. Den tilsette som har dialogen med den som tek kontakt har det daglege ansvaret for behandlinga av personopplysningar i denne samanhengen.
I CRM systemet blir følgjande informasjon lagra: 

Personnivå: 

  • Namn
  • Telefonnummer
  • E-postadresse

Firma/føretak: 

  • Namn
  • Organisasjonsnummer
  • Telefonnummer
  • Tal tilsette
  • Omsetnad

Kvar enkelt ansatt er ansvarleg for å slette meldingar og informasjon som ikkje lenger er aktuell. Om medarbeidaren sluttar vert e-postkontoen til vedkomande sletta, men enkelte relevante e-postar vil normalt verte overført til kollegaer.

Ver merksam på at vanleg e-post er ukryptert. Vi oppfordrar deg derfor til å ikkje sende teiepliktige, sensitive eller andre fortulege opplysningar via e-post. Dette omfattar også brukarnamn og passord.

Kven deler vi opplysningane dine med

Norse Feedback er behandlingsansvarleg for data som vert samla inn gjennom denne nettenesta: www.norsefeedback.no

Opplysningar vert kun delt innad i selskapet der dette er nødvendig. Opplysningar vert ikkje delt utanfor Norse Feedback utan opplysningsinnehavar sitt samtykke.

Tryggleik

Administrative opplysningar som namn, telefon e-post m.m. vert lagra på personleg og passordbeskytta telefon/datamaskin og alle e-postkontoar og program nytta av ansatte i Norse Feedback, og er også beskytta av brukarnamn/passord. Norse Feedback sin infrastruktur er beskytta med kodelås frå Intin AS, som også administrerer backoffice og har logg på alle innloggingar.

Dersom eit arbeidsforhold i Norse Feedback opphøyrer kan denne informasjonen verte overført til andre ansatte innad i selskapet. All informasjon som ikkje vert overført vil verte sletta.

Rettsleg grunnlag

Heimelsgrunnlag for behandling av personopplysningar om ansatte er er personvernsforordninga artikkel 6 nr.1, bokstav a) om samtykke, eller bokstav b) om at behandlinga er nødvendig for å oppfylle arbeidsavtale eller anna avtale med den ansatte. I tillegg til artikkel 6 nr.1 bokstav f).

Der Norse Feedback behandlar sensitive opplysningar, til dømes helseopplysningar, vil Norse Feedback ha grunnlag i artikkel 9 nr.2 bokstav a) der den registrerte har gjeve sitt uttrykkelige samtykke, eller artikkel 9 nr.2 bokstav b) der behandling er nødvendig for at Norse Feedback skal kunne oppfylle forpliktingar eller utøve rettigheitar på det arbeidsrettslige området. 

Det overordna rettslege grunnlaget for å behandle personopplysningar er at behandlinga er nødvendig for å kunne yte den servicen som vi er forplikta til å yte til våre kunder og samarbeidspartnarar.

Dine rettigheter og kontaktinformasjon

Du har ei rekke lovfesta personvernrettigheiter. Disse kan du benytte deg av ved å kontakte oss eller datatilsynet. 

  • Innsyn: Informasjon om opplysningar vi har om deg
  • Korrigering: Rette og supplere opplysningar om deg
  • Sletting: Be om sletting av opplysningar som vi ikkje lenger har grunn til å bevare
  • Avgrensing: Be om at vi avgrensar dine opplysningar
  • Rett til å få varsel ved brot på personopplysningssikkerheita
  • Rett til å klage til Datatilsynet

Har du spørsmål om korleis vi handterer personopplysningar om deg når du nyttar tenestene våre, og til dømes ønskjer at vi slettar eller endrar opplysningane vi har om deg, så send ein epost til oss på kontakt@norsefeedback.no eller ta kontakt med ein av oss direkte via nettstaden vår: www.norsefeedback.no