Korleis nytte Norse Feedback?
Det er ynskjeleg at du fyller ut Norse Feedback forut for kvar behandlingstime, eventuelt vekentleg dersom du er innlagt på sjukehus. Du kan sjølv bestemme når du ynskjer å fylle ut kartlegginga, så lenge det skjer før du skal møte til time. Så snart du har fylt ut kartlegginga, får behandlaren ei visuell framstilling av korleis du har det, og kva som kan vere viktig å fokusere på vidare. Behandlaren vil sjå på tilbakemeldinga di like før du kjem til behandling. Dersom noko er akutt, er det difor viktig å ta kontakt via telefon eller legevakt. Med Norse Feedback får du høve til å fortelje korleis du har det – veke for veke.
Spørsmål og svar
Behandlaren min har bedt meg fylle ut Norse, men kva er eigentleg dette?
Norse er eit klinisk tilbakemeldingssystem som stiller spørsmål om ting som er vanleg innanfor psykisk helsevern. Det inkludere også spørsmål om korleis ein opplever behandlinga og om ein har andre ynskjer og behov for denne. Basert på dei svara du gjev, får behandlaren ein rapport som visuelt viser korleis du har det over ulike vanskeområder. Saman kan dykk bruke Norse for betre å forstå dine vanskar og saman tilpasse behandlinga best mogleg.
Er det trygt?
Ja. Norse Feedback har same tryggleik som din helsejournal.
Må eg fylle ut Norse?
Det er frivillig å bruke Norse. Forsking viser at bruk av tilbakemeldingssystem kan auke effekten av terapi, samtidig som det gjev deg som pasient moglegheit til å ha større innflytelse på ditt behandlingsløp.
Kvifor får eg spørsmål som ikkje er relevante for meg kvar gong?
Første gang du fyller ut Norse må du ta stilling til alle spørsmåla. Frå gang nr. 2 og utover vil kun klinisk relevante spørsmål bli stilt. For å kunne gjere dette, vil det alltid vere eitt kontrollspørsmål som er ekstra sensitive for endringar. Desse vil alltid bli stilt. På den måten klare Norse betre å skreddarsy seg etter deg og dine livsendringar.
Eg er innlagt på psykiatrisk avdeling. Skal eg bruke Norse også her?
Dersom du er innlagt i eit helseføretak der dei tilbyr Norse, oppmodast du til å bruke dette også når du er innlagt.