Kva er Norse psykisk helse og rus?

Norse Feedback har utvikla er eit verkty, Norse psykisk helse og rus (NPHR) for å måle og monitorere klinisk utfall, kommunisere betre med pasientane, samt hjelpe behandlarar med å betre behandlingskvaliteten. NPHR er eit andregenerasjons klinisk tilbakemeldingsverkty bygd for digitale plattformar, ikkje papir. Gjennom skybasert teknologi er systemet tilgjengeleg på alle flater, og er utvikla til å kunne nytte moglegheitene som finnast innan dagens datateknologi. Systemet er dynamisk og tilpassar seg den enkelte pasient sine behov. Basert på svara som pasienten gjev, blir rapporteringsskjemaet skreddarsydd for vidare utfylling. Dette betyr at NPHR byrjar med ei brei kartlegging (20 dimensjonar),

samstundes som den vidare blir tilpassa for rutinemessig bruk. Tilbakemeldingssystemet vårt er utvikla for at ein skal rette merksemda mot ei dimensjonell forståing av lidingsprofil, risiko- og ressursfaktorar, samt framheve eit handlingsorientert og brukartilpassa fokus. På den måten vil klinikaren enkelt få nyttig og heilskapleg informasjon om pasienten og behandlinga, utan at dette treng forstyrre den daglege praksisen. På same måte som Norse Feedback er utvikla for å betre klinisk praksis, har vi ein metode for kontinuerleg forbetring og tilpassing av sjølve tilbakemeldingssystemet, gjennom behandling av statistiske data og tilbakemeldingar frå behandlarar og pasientar.

Kva er bakgrunnen for Norse psykisk helse og rus

Kvifor er Norse psykisk helse og rus
multidimensjonelt?

Korleis fungerer Norse psykisk helse og rus?

Norse psykisk helse og rus tilpassar seg den enkelte pasient. Dette er mogleg gjennom bruk av avanserte algoritmar som identifiserer kva for kliniske områder og spørsmål som er relevante for pasienten. Norse psykisk helse og rus fokusera på område som er relevante for den enkelte, samstundes som det følgjer kontrollspørsmål om eit breitt spekter av liding og ressursar. Til dømes, dersom pasienten rapporterer om endra drikkevaner, vil spørsmål knytt til dette automatisk bli tilgjengeleg.

Når ein behandlar planlegger ein behandlingstime med ein pasient, vil Norsesystemet  automatisk sende ut ein beskjed til pasienten (vanlegvis 48 timar før avtalen) med ein lenke og ein invitasjon til å fylle ut ein kartlegging. Pasienten kan velge en digital plattform, og utfyllinga vil ta om lag fem til tretti minutt avhengig av om dette er den første- eller påfølgjande kartlegging. Når denne er fullført, vil informasjonen bli analysert og omgåande tilgjengeleg i ein klinisk rapport for behandlar.

Raskt overblikk
Den kliniske rapporten er intuitiv og formidler viktig informasjon på ein effektiv måte. I løpet av 30-90 sekund får behandlar ei brei oversikt over den terapeutiske alliansen, risikofaktorar, symptomuttrykk, kognitive og emosjonelle prosessar som er medverkande til å oppretthalde kliniske symptom, samt betydingsfulle livshendingar, oppleving av medisineffekt og meir.

Fleksibilitet
Pasientane må bli informert om at dei skal fylle ut kartlegginga Norse psykisk helse og rus.  Ved å få ei startmåling allereie før behandlinga er starta får behandlar rask og god innsikt i behov. Fleire pasientar treng ei påminning om at dei skal fortsetje å fylle ut kartleggingar også forut for dei kommande timane. Dersom pasienten ikkje har fylt ut Norse psykisk helse og rus til første behandlingstime, så er det ikkje for seint. Pasienten kan når som helst fylle ut ein kartlegging. 

Kva er klinisk tilbakemelding

Korleis er
Norse dynamisk

Korleis bruke Norse?

Det er mange måtar ein kan nytte Norse saman med pasienten. Klinikaren er autonom ifht. i kva grad ein ynskjer å bruke det. Det er dog forventa at behandlar ser på rapporten forut for timen og anerkjenner pasienten for den jobben han/ho har gjort. Dersom pasientar kjem med tilbakemeldingar og informasjon utan at pasienten får ei oppleving av at dette blir tatt i mot er det uheldig for behandlinga. Innleiingsvis er det bra å oppmode pasienten til å fylle det ut jamnleg. Dette for å sikre god alliansedanning og kunne sjå korleis nokre kliniske vanskeområder kan bli krystallisert.

Eksempel på bruk kan vere vekentleg monotorering av lidingsutvikling og terapiløp, utfylling annakvar time, eller ein gong i månaden. Ved nokre kortare løp, kan pasienten til dømes fylle det ut forut for første og siste time. Behandlar kan også referere til enkeltelement frå rapporten i timen, forutan å vise heile rapporten. Gjer ein avtale saman med pasienten om korleis dåke skal bruke det på best mogeleg vis.

Korleis bruke Norse praktisk i klinikken

Kjøp og implementering

For å sikre ein god implementeringsprosess gjer Norse Feedback ei kartlegging av dei tilsette sine erfaringer og motivasjon for å ta i bruk systemet på arbeidsplassen.  

Det er i etterkant av denne prosessen lagar Norse Feedback ein rapport som tjenesta får tilgang på. På bakgrunn av rapporten kan den som er ansvarleg for tjenesten kan ta avgjersle om å ta i bruk systemet. Når avtalen er signert, byrjar vi det gode samarbeid for å etablere ein god tilbakemeldingskultur med bruk av Norse psykisk helse og rus. I ein implementeringsperiode vil ein iverkesetje dei tiltaka som er anbefalt i rapporten. Dette kan variere frå arbeidsplass til arbeidsplass, alt etter kva behov den enkelte plass har.

Grunnleggande opplæring
Ein ynskjer å tilby ei grunnleggjande opplæring til dei tilsette. Her blir bruk av generell bruk av tilbakemeldingsystem og Norse psykisk helse og rus tematisert, oppbygnad og bruk av Norse, samt rollespel om korleis introdusere og nyttiggjere dette saman med pasienten. I etterkant av oppstart er vi  tilgjengeleg både for deltakelse i drøftingsmøter, over Lync og elles på telefon.

Rutinemessig bruk
Norse psykisk helse og rus er ei lisensbasert løysing.  Vi estimerer volumet av behandlingstimar i løpet av ei veke. Våre samarbeidspartar tilbyr tilgang til systemet til så mange behandlarar og pasientar som mogleg og dei kan ta det i bruk så ofte som mogleg. Dette er denne metoden som har best støtte i forskningen på bruk av tilbakemeldingssystem. Det er også i tråd med anbefalt framgangsmåte for sterk implementering og organisasjonsutvikling.

Korleis implementere eit feedbacksystem

Metoden

Norse Feedback blei starta som eit initiativ mellom Christian Moltu og Sam Nordberg. Det var ynskjeleg å utvikle eit tilbakemeldingssystem som var dynamisk og tilpassa til den enkelte brukar. Ein hadde ynskje om å sjå pasienten si liding meir dimensjonelt framfor den meir tradisjonelle kategoriske forståinga, samt styrkje pasienten si stemme inn i behandlinga. Med bakgrunn i eit slikt ynskje, gjekk forskarar saman og spurde ulike klinikarar og pasientar om deira ynskje og behov for eit slikt tilbakemeldingssystem. Som direkte følgje av resultata frå denne studia, blei Norse 1.0 utvikla og implementert ved fleire psykiatriske avdelingar i Helse Førde i 2015. Etter å ha innhenta ulik erfaring over ein to-års periode, gjekk forskarar og behandlarar saman for å gjennomføre den første revisjonen av Norse psykisk helse og rus. 

Med informasjon frå item-respons theory og fokusgruppeintervju med behandlarar med klinisk erfaring, blei Norse psykisk helse og rus vidareutvikla. Gjennom bruk av item-respons theory fokusere ein på kvart enkelt utsegn for å sjå kor mykje informasjon det enkelte utsegnet tilbyr. Ved å kartlegge dette i djupna, samt ha eit tett samarbeide med behandlarar og pasientar som tilbyr både klinisk- og personleg erfaring på dei enkelte utsegna, gjev det oss moglegheita til å ha eit kontinuerleg fokus på tilpassing og forbetring. Det er ynskjeleg å gjennomføre årlege revisjonar av Norse for å kunne tilby eit mest mogleg oppdatert og tidssensitivt tilbakemeldingssystem. Såleis er Norse psykisk helse og rus i stadig utvikling.

Vidareutvikling gjennom medverknad

Teknologi

Norse psykisk helse og rus er eit tilbakemeldingssystem som er og alltid skal vere bygd på teknologi. Norse har såleis aldri vore tilgjengeleg på papir. Norse psykisk helse og rus blir i dag levert i en versjon over Checkware og ein annen versjon er tilgjengeleg på eigen plattform. Styrken med å nytte Norse Feedback sin plattform er at systemet gjev pasient, behandlar og leiar meir og betre informasjon. Den kanskje viktigaste fordelen er at programvara  gjer det enklare for pasienten å svare på kartlegginga og bestemme kor tid den skal gjennomførast. 

Behandlaren får augneblinkeleg beskjed om at pasienten har sendt inn kartlegginga, og den er såleis klar for gjennomgang og til bruk i samrå med pasienten. Dei svara som pasienten gjev via Norse, blir anonymt lagra i ein større database. Når ein har fått samla inn eit mange nok svar, vil programvaren tilby avanserte analyser og framheve samanhenger som ikkje er mogleg å avdekke manuelt. Dette gjev pasient og behandlar ein unik sjanse til å endre og forbetre behandlinga på eit tidleg tidspunkt.

Forskingsprosjekt

Det er pr. i dag fleire doktorgradsprosjekter som forskar på Norse:

  • Korleis opplever pasientar bruken av Norse psykisk helse og rus i psykoterapi,
  • Klinisk tilbakemelding, miljøterapi og brukarmedverknad på sengepost
  • Implementering av sjølvlærande dynamiske kliniske system i vanleg klinikk
  • Norse psykisk helse og rus som forbetringsmetode i behandling av menneskje med sjukeleg overvekt.
  • Det er gjennomført fokusgruppeintervju med ungdom for å utvikle eit tilbakemeldingssystem som imøtekjem ynskjer og behov også frå denne aldersgruppa.

Kva betyr aksjonsforsking og Norse-metoden

FAQ

Så lenge pasienten er registert, treng du ikkje gjere noko. Det vil alltid ligge ein rapport klar for pasienten. Blir den ikkje fylt ut, vil denne automatisk flytte seg til neste veke.

Det er frivillig å bruke Norse. Det er viktig å gje pasienten god informasjon slik at han/ho kan gjere eit veloverveid val. Det framstår særleg viktig å informere om fordelane ved å bruke eit tilbakemeldingssystem.

Vi anbefalar å nytte Norse før kvar behandlingstime, særleg innleiingsvis i behandlinga. Dersom pasienten ikkje ynskjer dette, kan ein t.d. foreslå at vedkomne fyller dette ut annankvar gang.

Det varierer frå helseføretak til helseføretak om både den visuelle rapporten og svarrapporten kjem inn i DIPS. Dersom det kun er den visuelle rapporten som automatisk blir tilgjengeleg, kan ein gå inn på Checkware og sjå på svara der. Ein kan gå via dips eller intranettet for å logge seg inn.

Alle tilbakemeldingane som ein får i Norse er frå pasienten. Dersom pasienten uttrykker hyppige tankar og planar om suicidalitet, er det sterkt anbefalt å snakke med pasienten om dette. Suicidalitetsdimensjonen i Norse skal ikkje erstatte vanleg risikovurdering for suicidalitet, men kan i nokre høve vere ein indikator på ei endring innanfor problematikken.

Dette kan bety så mangt. I slike høve er det viktig å snakke med pasienten og finne ei felles forståing for utfallet i rapporten. Døme på forklaringar kan t.d. vere at pasienten synast det er vanskeleg å annerkjenne smerten i spørsmåla, ikkje ynskjer eller klara å svare sannferdig, opplever eit turbulent indre, har vanskar med å forstå/lese spørsmåla, osb.

Norse er eit klinisk tilbakemeldingssystem som gjev informasjon frå pasienten på ulike områder. Det utelukkar ikkje bruk av andre screeningverkty eller kartleggingar.

Nyfiken på Norse?

Ring oss da vel! Mange ynskjer å byrje med eit klinisk tilbakemeldingssystem. Ved å ta kontakt med oss, tilbyr vi ein uforpliktande samtale og presentasjon av Norse psykisk helse og rus og Norse Feedbacks teknologi generelt.

Send oss ein e-post