Kva er viktig når ein skal ta i bruk eit klinisk tilbakemeldingssystem i klinikken?

Det er velkjend både i klinikken og i forskinga at å implementere nye kliniske system er svært krevjande. For å få til ønska endringar må dei som skal bruke nye system være motivert.  Difor har erfaring med og forsking på implementering av klinisk tilbakemeldingssystem vore ein viktig del av Norse-utviklinga.

Ein klinikk liknar ikkje heilt på den neste. Nokre behandlarar er slitne av alle nye ting som heile tida skal pressast inn i den lille tida ein har. Andre synest data og teknologi tek fokus vekk frå det som betyr noko – forholdet til pasienten. For å gå med på å ta i bruk noko nytt er det ikkje tilstrekkeleg å vite at noko har vist effekt i forsking – behandlarar må kunne sjå med eigne auge at dette kan gi betre klinisk praksis.

For å få eit solid utgangspunkt for å planlegge bruk av tilbakemeldinger i klinisk praksis bør det gjerast ein modenhetsanalyse av:

  • kva for slags endringar som føregår samtidig
  • menneskelege ressurser og kultur
  • kor klar klinikken er

Resultatet frå ei slik analyse gir peikepinnar på korleis oppstart kan gjerast.

Nokre klinikarar er meir nyfikne på ny teknologi enn andre. Det er viktig å begynne der viljen er størst. På teammøter kan klinikarar få førstehandserfaring med korleis tilbakemeldingar nyttast til både pasientar og behandlarar sitt beste.

Norse Feedback tilbyr opplæring:

  • fem veiledninger
  • halvårlege statusmøter i etterkant av at veiledningene er ferdige
  • to statusmøter med ledere underveis i implementerignsprosessen