Kva er viktig når ein skal ta i bruk eit klinisk tilbakemeldingssystem?
Det er velkjend både i klinikken og i forskinga at å implementere nye kliniske system er svært krevjande. Det vil kjennast meiningslaust med store prosjekt og gode system dersom det renn ut i sanden. Difor har erfaring med og forsking på implementering av klinisk tilbakemeldingssystem vore ein viktig del av Norse-utviklinga.